Historisk arkiv

Synfaring for kraftlina Mongstad-Kollsnes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Tysdag og onsdag vert det synfaring i samband med den planlagde kraftlina frå Mongstad til Kollsnes.

Tysdag og onsdag vert det synfaring i samband med den planlagde kraftlina frå Mongstad til Kollsnes.

BKK Nett AS har søkt om konsesjon for å få byggje lina, som skal vere med å sikre straum til Bergensregionen. NVE sendte over si tilråding til departementet i slutten av januar. Tilrådinga har deretter vore på brei høyring. Fristen for å uttale seg gjekk nyleg ut. Olje- og energidepartementet handsamar no konsesjonssaka. Les meir om prosjektet på BKK sine heimesider.

Frå sentrale styresmakter kjem det fem representantar frå Olje- og energidepartementet og ein representant frå Miljøverndepartementet. I tillegg har fylkesmannen og representantar frå fylkeskommunen høve til å delta. Dei fire kommunane som lina går gjennom vil vere sentrale under synfaringa. Alle vi veit om som er direkte berørt av lineframføringa er varsla om synfaringa.

Synfaringa er ein viktig del av styresmaktene si handsaming av konsesjonssaka. Her kan alle dei som blir berørt av lina nytte høvet til å kome til orde med sitt syn på konsesjonssaka.

Synfaringa tar til i Lindås og Austrheim tysdag 24. mai frå klokka 10.00 før den fortset i Radøy. Klokka 18.00 vert det folkemøte i Austrheim idrettshall. Onsdag 25. mai går synfaringa med båt frå Litle Lindås kai slik at deltakarane kan få sjå traseen frå sjøen. Frå klokka 12.00 kjem delegasjonen til ulike synfaringspunkt i Øygarden. Klokka 15.00 vert det møte med Øygarden kommune. Etter møtet med kommunen kan dei i Øygarden som ynskjer det, komme med sitt syn til representantane frå styresmaktene. Last ned fullt program her.

Pressa og andre som har interesse av saka kan møte opp på dei ulike synfaringspunkta. Det er lite plass i fellestransporten mellom stoppa, men det vert høve til å sitje på om det er mogleg Ta i så fall kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen på telefon 91 51 73 57. Presse som ynskjer å vere med kan ta kontakt på same nummer. Leiaren for synfaringa vil kunne svare på spørsmål frå pressa undervegs dei to dagane, og etter at møta er ferdige.