Sysselsettingsutvalet: Første møte i ekspertgruppa

Tysdag 30. januar møttest medlemmene i ekspertgruppa for første gong.

Føre dei ligg eit stort analysearbeid: Målet er fagleg funderte tiltak for å få fleire i jobb. 

– Som de veit, er dette eit arbeid som regjeringa er særs opptatt av. Ikkje minst kjem det tydeleg fram i den nye regjeringsplattforma. Derfor er eg glad for at kvar og ein har takka ja til å gå inn i ekspertgruppa med dykkar erfaring og kompetanse, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie då ho helste på medlemmene. 

Steinar Holden og Anniken Hauglie hilser på hverandre foran hvit tavle.
Leiar av sysselsettingsutvalet, professor Steinar Holden, helsar på arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under utvalets første møte. Foto: ASD

Spent på resultat

Gruppa har fått eit breitt mandat og står fritt til å gjere analyser og kome med forslag. 

– Eg er spent på kva de kjem fram til. Så blir det eit politisk privilegium å ta stilling til forslaga på eit seinare tidspunkt. Lukke til, sa statsråden. 

Steinar Holden sittende til venstre og Anniken Hauglie stående til høyre, leende foran hvit tavle. Møtedeltakere med ryggen mot kamera i forgrunnen.
God stemning då arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie helste på medlemmene av sysselsettingsutvalet. Foto: ASD

Prosess

Professor Steinar Holden er leiar for ekspertgruppa, som no skal gå igjennom kunnskapsgrunnlaget og analysere utviklinga i Noreg sammenlikna med andre land. Gruppa skal foreslå fagleg funderte tiltak. I fase to vil partane i arbeidslivet og fagekspertane fortsette drøftinga og ta stilling til dei forslaga som den faglege ekspertgruppa og/eller partane kjem med. Kvar av dei to fasane skal vare om lag eitt år. 

Nærbilde av Steinar Holden
Leiar av sysselsettingsutvalet, professor Steinar Holden. Foto: ASD

Sysselsettingsutvalet

Les meir om utvalet og medlemmene.  

 

Til toppen