Historisk arkiv

Tale på kulturarvkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns opningstale på Kulturarvkonferansen 3. september 2021.

Eg er glad for å kunne ønske dykk velkommen til årets Kulturarvkonferanse. Endeleg kan vi møtast ansikt til ansikt.

Koronapandemien har påverka oss alle, både som individ og samfunn, og dermed også organisasjonar, lag og foreiningar. Arrangement og aktivitetar har vore avlyst. Rekruttering er blitt vanskelegare. Vi har ein stor jobb framfor oss med å løfte opp igjen organisasjonslivet, frivilligheita og engasjementet i alle sektorar.

Samtidig har de vist evne og vilje til å tenkje nytt både om arrangement og aktivitetar, og om dialogen med medlemer og deltakarar. Heldigvis er det gjort mykje godt arbeid, trass i dei restriksjonane som har vore.

Pandemiar vil med tida også ta sin plass i kulturarven. Kva som vil stå igjen etter covid-19 er ikkje godt å seie – men eg håpar vi no ser starten på ei normalisering.

Samarbeid, dialog og å møtast på tvers er uvurderleg når vi skal jobbe til beste for kulturarven. Samarbeidet gir oss òg moglegheit til å sjå den materielle og immaterielle kulturarven i samanheng.

Temaet for denne konferansen; "Dialog – engasjement, samarbeid og mangfald" reflekterer nokre av dei store utfordringane kulturmiljøforvaltninga står ovanfor. Dette står også i stil med dei nye måla i kulturmiljøpolitikken.

 Engasjement

Eit av dei tre nye nasjonale måla for kulturmiljøsektoren er at alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

Det har vi lang tradisjon for i Noreg.  

Vår ambisjon er at endå fleire skal kjenne eigarskap til, og ta ansvar for, kulturmiljø.

Organisasjonar, lag, ressurspersonar og eldsjeler er avgjerande for å holde interessa for kulturarven levande og for å skape engasjement. De legg samstundes ned ein stor innsats for å ta vare på og forvalte kulturmiljø. 

Det opplever eg heile tida når eg reiser rundt og besøker viktige lokalmiljø, ressurspersonar og engasjerte menneske. Sist då eg besøkte fartøyvernsenteret i Norheimsund i Hardanger, der dei driv med handverk til skipsbygging, og eg fekk prøve meg som reipslagar for første gong. Det var interessant!

Kystkultur er ein viktig del av Noregs kulturarv, og gjennom fartøyvernet tar vi vare på kulturhistorie som betyr mykje for mange langs heile kysten.

For å sikre deltaking, må vi òg sikre tilgjengelegheit.

Til dømes er det mykje spennande utvikling innan digital formidling. Nye digitale løysingar kan vere med på å gjere kulturarven tilgjengeleg for fleire. Historiske dokument og bilde blir digitaliserte og er ofte tilgjengeleg på nett. I pandemitida har vi vore ganske stadbundne. Men digitaliseringa har gjort det mogleg å oppleve kulturarven over heile landet og ute i verda frå si eiga stue

Samarbeid

Eit anna viktig mål i kulturmiljøpolitikken er samarbeid. Tal frå Kulturvernforbundet viser at frivillige bidrar med om lag 6 millionar dugnadstimar for å dokumentere, halde ved like, formidle og vidareføre kompetanse om kulturarv. Det er ein enorm  og imponerande innsats!

Frivillige lag og organisasjonar er derfor viktige samarbeidspartnarar og støttespelarar for museum, arkiv og offentleg forvaltning. Vi hadde ganske enkelt ikkje klart oss utan.

I sommar var eg også på tur til Røros der eg mellom anna besøkte Kulturminnefondet. Det er veldig spennande å sjå korleis tilskota frå fondet støttar prosjekt hos frivillige lag og organisasjonar over heile landet. Breidda på prosjekta er også imponerande og omhandlar alt frå faste kulturminne, fartøyvern, rullande materiell, sikring, formidling og kursing. Både individuelt og samla er dette viktige bidrag for å ivareta kulturarven.  

Godt samarbeid og dialog mellom forvaltninga, eigarar og frivillige er viktig både for å sikre bruk, vedlikehald og skjøtsel, men også for samhandling og utvikling.

I den anledning har Riksantikvaren invitert frivilligheita til innspelsmøte 21. september om arbeidet med å lage nye bevaringsstrategiar for Kulturmiljøfeltet. De har ei viktig stemme i dette arbeidet, og Riksantikvaren legg opp til nye rundar med medverking også seinare i prosessen. Dette blir viktig for veldig mange.

Mangfald

Det tredje viktige målet for kulturmiljøpolitikken er mangfald. Eg trur ikkje eg treng å overtyde dykk om at kulturarven er ei enorm kjelde til kunnskap og læring.

Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

For at alle skal kunne føle eigarskap til kulturarven, må den òg reflektere mangfaldet i samfunnet. Vi bur i eit mangfaldig og rikt samfunn, og det skal vi vere glad for. Det er samansett av ulike kulturar, språk og uttrykk.

For å ta vare på mangfaldet treng vi kunnskap om korleis vi tar vare på kulturarven. Den er sårbar for klimaendringar og press på areal, men også fordi vi mister kunnskapen om tradisjonelt handverk.

Det er også behov for brei handverkskompetanse. Både om eldre handverksteknikkar og materiale, så vel som kunnskap om nyare byggemateriale, som for eksempel betong og mur, for å kunne ta vare på kulturminne frå nyare tid.

Eit raskt blikk på konferanseprogrammet vitnar om ei breidde av kompetanse og kunnskap – frå blant anna husflid, kystkultur, bygningsvern og veterankøyretøy.

Deltaking i frivillig arbeid kan dessutan fremme inkludering og førebygge utanforskap. Det er etter mitt syn ei av våre viktigaste utfordringar, som vi må løyse saman. I løpet av konferansen skal de få høyre om mange spennande prosjekt og aktivitetar der dette er tema.

Takk

Eg vil avslutte med det viktigaste, og det er å seie takk!

Takk til alle dykk som bruker tid på å ta vare på kulturarven. Innsatsen de gjer bidrar til å gjere samfunnet vårt rikare!

Eg er heldig som har ansvaret for kulturmiljøforvaltninga, og er glad for at vi har dykk med på laget.

Eg håper at de bruker tida i dag og i morgon til å bli kjent og til å knyte nye kontaktar.

I morgon opnar også dei årlege Kulturminnedagane. Eg vil takke alle som er med og feirar dagen og som bidreg til arrangement over heile landet. Vit at det betyr mykje for mange – ikkje berre for kulturarven, men også for identitet, engasjement og mangfald.

Kjære alla saman - lykke til med konferansen, eg ser fram mot Frivilligheitas år neste år og håpar eg også kan vere med og løfte kulturarven i tida framover.

Tusen takk!