Historisk arkiv

Tale til opninga av Fjordsteam, 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Tale til opninga av veteranbåtfestivalen Fjordsteam, Bergen. Fredag 3. august 2018.

Kjære alle saman! Som vestlending/sunnfjording er det ei stor glede for meg å vere med på ei slik storslått feiring av kystkulturen.

Historia om dampbåten er historia om det moderne Noreg.

Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike, heiter det seg. Men verket hans vart fullførd av Rutebok for Noreg.

På Vestlandet skjedde moderniseringa av Noreg med båt, ikkje med jernbane som mange andre stadar.

Dampbåtar - frå lokalbåten til Hurtigruta - gjekk i eit nettverk som drog kvar minste bygd langs kysten inn i ein større heilskap.

Det er minnet om denne tida og dette store moderniseringsprosjektet vi heidrar i dag. I tillegg feirar vi dei mange frivillige som har lagt ned tusenvis av dugnadstimar. Det er òg ein del av historia om Noreg.

Fartøya her representerer den industrielle tida. Tida med faste rutesamband, industrielt fiske, maskindrivne fraktefartøy og slepebåtar.

På land vart båtrutene forlenga med jernbane og rutebilar. Fjordsteam samlar difor òg veteranbusser og damptog.

Denne historiske flåten som er her i dag viser òg utviklinga mot ein urban kystkultur. Byhamnene vart bygd om frå seilskipshamner til moderne skipsterminalar.

Damp vart etter kvart avløyst av diesel og bunkers.

Kystflåten står no igjen overfor eit stort hamskifte. No er det overgang til biogass, hydrogen og elektrisitet. Ein utsleppsfri skipsfart, nett som i seilskutetida.

Vi kan seie at ringen blir slutta.

Nye kulturminne bankar på porten til kulturminneforvaltinga. Om 100 år er det kanskje dei første batterifergene vi feirar som kulturminne.

Fjordsteam er eit kompass å navigere etter når vi no stakar kursen ut vidare framover i eit grønt skifte. Kompetanse og fagkunnskap har alltid stått sentralt blant norske sjøfolk og i norske fartøy. Den blir halden i hevd i arbeidet med den historiske flåten vår.

Dei haldningane og ideane må bli ført vidare inn i utviklinga av ein grøn og berekraftig skipsfart.

Det er lett å bli nostalgisk når ein ser dei flotte fartøya her i vågen. Og lett å bli takknemleg for all den frivillige innsatsen som er lagt ned i dei gamle båtane.

Klima- og miljødepartementet er oppteken av fartøyvern. Gjennom bevaringsprogrammet for fartøy er 55 av dei 257 fartøya på Riksantikvaren si verneliste sett i stand. Det er enno langt igjen, men vi er på riktig spor.

Fartøya fortel ei historie. Historia blir levande for oss når vi får kome om bord i dei gamle dampbåtane.