Historisk arkiv

Tale ved opninga av Mar-Eco-utstillinga på Norsk Sjøfartsmuseum 15.1.2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fra venstre: Prosjektleder for MAR-ECO-prosjektet Odd Aksel Bergstad (Havforskningsinstituttet), Adm.dir Tore Nepstad (Havforskningsinstituttet), Direktør ved Bergen Museum Siri Jansen Direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum Petter C. Omtvedt og statsekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet.

Gode vener av marin forsking!

Det er ikkje ofte i norsk marin historie vi finn eksempel på store djuphavsekspedisjonar. Då ”G.O. Sars” la ut på sin ekspedisjon til den Midt-atlantiske rygg i 2004 var det 94 år sidan sist – den store ekspedisjonen med FF Michael Sars i 1910. Den var leia av dåverande fiskeridirektør Johan Hjort og skotten John Murray, og dei kryssa Atlanterhavet i fire månader og samla inn eit enormt materiale som Bergen museum har teke godt vare på.

Kva rører seg eigentleg på havbotnen? Kva har levd der tidlegare? Kva vil leve der i framtida? Og kva har livet i havdjupa å seie for våre eigne liv?

Dette var spørsmål forskarane ved Havforskingsinstituttet og ei rekkje andre institusjonar i inn- og utland stilte seg då dei planla MAR-ECO ekspedisjonen i 2004. Havet dekkjer meir enn 70 % av overflata på jorda og det er framleis det elementet som har flest løyndomar for oss menneske.

MAR-ECO var ei stor økologisk undersøking langs Den midtatlantiske rygg. Denne ryggen er ei enorm fjellkjede med aktive vulkanar som strekkjer seg frå Azorene til Island. Målet var å finne ut kva som skjuler seg på botnen av Atlanterhavet. Forskingsfartøyet G.O. Sars, som vart teke i bruk i 2003 er fullasta med høgteknologi, og gav forskarane heilt nye moglegheiter til å få kunnskap om livet under lyset i havet.

Ein viktig del av MAR-ECO ekspedisjonen var å formidle resultata frå det ein fann. Undervegs i toktet kunne vi følgje det frå dag til dag på prosjektet sine nettsider. Nye oppdagingar, vakre bilete og levande forteljingar frå livet om bord gjorde oss nysgjerrige på meir kunnskap om djuphavet. Det var viktig at forskarane hadde forplikta seg til å dele sine kunnskapar med oss som ikkje fekk vere med om bord, og ikkje minst med skuleelevar frå Azorene, Portugal, England, Tyskland, Belgia og Island.

På denne ekspedisjonen tok ein og opp ein gamal tradisjon med å ha ein eigen toktkunstnar om bord. På MAR-ECO toktet var vår kjende biletkunstnar Ørnulf Opdahl med den første månaden. Hans inntrykk og opplevingar – formidla gjennom utstillingar og no ei ny bok – har gjort at mange fleire enn vi som er spesielt interessert i det som føregår i havet har fått del i resultata frå djuphavet.

Det vart tenkt nytt i MAR-ECO prosjektet og erfaringane frå prosjektet er viktige for oss som skal formidle nytt om havet kvar dag. Vi er svært stolte over at formidlingsarbeidet har fått prisar for innovativ formidling både internt i Havforskingsinstituttet, frå Noregs forskingsråd og no seinast frå EU. Det er vel fortent.

Då er det med stor glede eg får lov å opne denne utstillinga som er ein sentral del av formidlingsarbeidet frå MAR-ECO ekspedisjonen. Den er allereie vist i ei rekke europeiske byar, og skal vidare til Aberdeen etter at den har vore her i Oslo. Eg gler meg til å sjå den og vonar mange tar turen ut hit til Sjøfartsmuseet den neste månaden for å få eit glimt ned i det store spanande djuphavet.

Foto: Anette Karlsen, Havforskningsinstituttet

Frå venstre: Prosjektleiar for MAR-ECO-prosjektet Odd Aksel Bergstad (Havforskningsinstituttet), adm.dir Tore Nepstad (Havforskningsinstituttet), direktør ved Bergen Museum Siri Jansen, direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum Petter C. Omtvedt og statsekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet.