Talet på storfe og sau auka frå 2015 til 2016

Det samla talet på storfe auka frå 2015 til 2016, og det var talet på ammekyr og andre storfe enn mjølkekyr som auka. Talet på ammekyr auka med 3 700 til 75 600, medan talet på andre storfe auka med 9 900 til 544 700. I same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 1 100 til 227 400. Det viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB)

Talet på sau auka med 3,5 prosent til 1 095 700 i 2016. Det var om lag 12 500 bedrifter med sau i 2015, ein auke på 1,4 prosent frå året før.

28 400 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2016, og det er 200 færre enn året før. Størst prosentvis nedgang var det i talet på bedrifter med slaktekylling og mjølkekyr. Talet på bedrifter med slaktekylling blei redusert med 4 prosent til 650, medan talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med knapt 3 prosent til 8 600.

Det samla talet på storfe auka frå 2015 til 2016. Foto: Torbjørn Tandberg