Tap av sau og tamrein til rovvilt er relativt stabile

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Tap av sau til rovvilt har gått noko ned siste beitesesong. For reindriftsåret 2021/2022 er tapa av tamrein omtrent som førre reindriftsår.

Søknadane om erstatning for tap av sau og tamrein forårsaka av rovvilt er ferdig behandla av Statsforvaltarane og statistikken er no tilgjengeleg i Rovbase.  

Totalt vart 16 100 sau og lam erstatta i 2022. Dette er 750 færre dyr enn året før, og tapa held seg framleis på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare år.

Totalt vart 22 800 tamrein erstatta som tapt til rovvilt i reindriftsåret 2021/2022. Dette er 75 fleire enn reindriftsåret 2020/2021. Tapet av tamrein varierer meir over år, og ein ser ikkje den same tydelege nedgangen i erstatta tap her som for sau og lam.

- Det er fint at tapa av sau og lam held seg låge, og at det har vore ein reduksjon frå førre året. Samtidig ynskjer vi at tapa av både sau og lam og tamrein skal reduserast so mykje som råd. Fortsatt restriktiv forvalting av rovdyra, med oppfylging av bestandsmåla og tilpassing i rovdyrprioriterte område er viktig, seier statssekretær Aleksander Ø. Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet.

For fleire tal og bakgrunnsmateriale, sjå Miljødirektoratets nyheitssak her