Tar Noreg trygt gjennom omstillinga

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg samanfatta årets seks fyrste månader med å seie at den aller viktigaste jobben hennar er å leie Noreg trygt gjennom omstillinga.

På dagens halvårlege pressekonferanse viser statsministeren til at vi ser eit tydelegare skifte i norsk økonomi.

- Noreg skal gjennom ei gradvis omstilling, og med lågare oljepris har behovet for omstilling kome raskare. Det er framleis låg registrert ledigheit, men ledigheita stig noko og me skal ha på plass ein økonomi med fleire og grønare næringar, seier statsminister Erna Solberg.

Oljenæringa vil framleis spele ein sentral rolle i mange år, noko regjeringa har gjeve eit klart signal om mellom anna ved utlysinga av den 23. konsesjonsrunden. Samstundes legg regjeringa til rette for at me skal ha noko å leve av etter olja, og satsinga på mellom anna næringsretta forsking er derfor stor.

Statsministeren peikar på at somme nå kjenner på usikkerheit.

- Denne uvissa tar vi på alvor. Det er alvorleg for familiar og einskildpersonar som blir råka. Derfor er den viktigaste jobben min å ta Noreg trygt gjennom omstillinga. Løysinga er ikkje kortsiktige naudtiltak. Løysinga er at vi tenkjer langsiktig og rustar Noreg for framtida. Vi bidreg til å skape og tryggje arbeidsplassar, seier Solberg.

Gode rammevilkår og tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft er viktig for verksemdene.

- Men det er ikkje nok. God infrastruktur er avgjerande for å nå marknadene trygt og raskt. Derfor satsar regjeringa massivt på veg og bane. Løyvingane har auka med nær 30 prosent på berre to statsbudsjett, seier statsministeren og held fram:

- Å satse på infrastruktur er svært viktig. Folk kjem seg raskare til og frå jobb. Det gjev eit varig løft for norsk konkurransekraft, held byggeaktiviteten oppe og folk i arbeid.

Tydelege resultat
Sjølv om Noreg står framfor utfordringar, minner statsministeren om at det også er fleire ljospunkt:

- Det er mellom anna ljoseutsikter for Nord-Noreg. Norsk leverandørindustri har vunne tilbake konkurransekraft, og Aibel, Kværner og Odfjell Drilling har fått store kontraktar på Johan Sverdrup. Så sjølv om omstilling vil prege oss i lang tid framover, er det mykje som går svært bra, seier Erna Solberg – og åtvarar mot å snakke Noreg ned.

Regjeringa og samarbeidspartia har fremja fleire reformer denne våren:

Pakkeforløpet i kreftomsorga, jernbanereform, eit lærarløft som mellom anna inneber at rekordmange lærarar er påmeld til vidareutdanning, politireform, strukturendringar i høgare utdanning og felles klimamål med EU fram mot 2030 er døme på dette.

- Regjeringa og samarbeidspartia kan vise til resultat og gjennomføringskraft, seier statsministeren.