Teikn til betring i leverandørindustrien

Olje- og energiminister Terje Søviknes la vekt på teikn til optimisme då han innleia under Subsea Valley-konferansen på Fornebu i dag.

- Vi ser teikn til betring i leverandørindustrien. Kontraktane som er tildelt i samband med oppgradering av Njord A-plattforma og i den store Johan Sverdrup-utbygginga viser tydeleg at norsk leverandørindustri er konkurransedyktig. Om vi klarer å få ein varig effekt ut av arbeidet med effektivisering og kostnadsreduksjonar, er eg trygg på at det vil bli skapt store verdiar og lønsame arbeidsplassar i leverandørindustrien over heile landet i lang, lang tid framover, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Olje- og energiminister Terje Søviknes talte under Subsea Valley-konferansen (foto:KRD/OED).

Søviknes offentleggjorde også at Olje- og energidepartementet no har godkjent plan for utbygging og drift av olje- og gassfeltet Trestakk i Norskehavet. Forventa investeringar i utbygginga er om lag 5,5 milliardar kroner.

- Utbygging av nye felt som Trestakk skapar stor aktivitet i leverandørindustrien. For å kunne ha nye felt å bygge ut, er vi heilt avhengige av ein aktiv leitepolitikk. Difor har regjeringa nettopp sendt ut forslag til blokker til utlysning i 24. konsesjonsrunde på høyring. Ved å tildele nye areal legg vi grunnlaget for verdiskaping og sysselsetting i denne næringa også på lang sikt, seier olje- og energiminister Terje Søviknes. 

Under konferansen møtte Søviknes også ei rekke verksemder på konferanseområdet. Her med Lasse Ståløy (t.v.) og Rune Skarpenes frå Radøygruppen. (foto:KRD/OED).

Endra kl. 20.26, 05.04.17