Tek grep for større kunnskap om verdshava

Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk blir offisielt opna i Bergen i dag. Senteret skal forske på korleis ein større del av maten vår kan haustast berekraftig frå havet. Statsminister Erna Solberg opnar forskingssentret. Også fiskeriminister Elisabeth Aspaker deltek ved opninga.

Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk blir offisielt opna i Bergen i dag. Senteret skal forske på korleis ein større del av maten vår kan haustast berekraftig frå havet. Statsminister Erna Solberg opnar forskingssentret. Også fiskeriminister Elisabeth Aspaker deltek ved opninga.

Bergen har i dag eit av dei største forskingsmiljøa i verda innan eit breitt spekter av marin forsking. Her ligg Havforsningsinstituttet, Universitetet i Bergen, Nansensenteret og Uni Research som alle er med i samarbeidet om Hjortsentret. Fagmiljøet har eit omfattande internasjonalt nettverk og er i ein unik posisjon til å ta leiinga internasjonalt i forsking på marin økosystemdynamikk. 

- Regjeringa har kunnskapssamfunnet som eitt av sine aller viktigaste mål. Gjennom å satse på kunnskap og kompetanse, legg vi fundamentet for framtidig verdiskaping. Etableringa av Hjortsentert, der «det beste frå dei beste» frå fire ulike kunnskapsmiljø blir samla i eit nytt forskingssenter, er noko vi ønskjer velkomme, seier statsminister Erna Solberg.

Denne satsinga styrkjer Noreg sin posisjon som leiande marin forskingsnasjon. Det gjeld det tverrfaglege marine forskningssamarbeidet nasjonalt så vel som internasjonalt.

- Marin forsking har alt å vinne på å samle utvalde deler av den marine forskinga for å auke evna til å forstå, måle og å føreseie endringar i miljø og ressursar i hav- og kystområda i heile verda, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Både verdshava  og kystområda er eit viktig matgrunnlag for den veksande befolkninga i verda. I følgje FN vil befolkninga truleg auke frå sju til nærare ti milliardar fram mot 2050. Forsking som kan bidra til berekraftige uttak frå havområda vil vere avgjerande for tilstrekkeleg tilgang på føde.

Forskingssentret har fått namn etter den første norske havforskingsdirektøren og grunnleggaren av moderne fiskeriforsking, Johan Hjort (1859-1948). Hjort innførde idear og tok i bruk metodar som er sentrale i dagens havforsking. Han medverka dessutan til at Det internasjonale råd for havforsking ICES, vart etablert.

Til saman vil det ved det nye Hjortsenteret vere om lag 40 forskarårsverk frå dei fire fagmiljøa.