Presseinvitasjon: Tek tempen på forsking og høgare utdanning

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til lanseringskonferanse for Forskingsbarometeret og Tilstandsrapport for høgare utdanning 5. mai kl 9-15.

Tid: 5.mai 2015, Klokka 0900-1500
Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, bygg P35, Pilestredet 35.  

Kor god har norsk forsking blitt sidan sist? Kor innovative er eigentleg norske universitet og høgskolar? Kor lang tid brukar studentane på å gjennomføra studia? Når vi dei politiske måla som er sett for forsking og høgare utdanning? Dette blir belyst og diskutert når både Forskingsbarometeret og tilstandsrapporten for høgare utdanning blir lagt fram tysdag. 

Det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren  rett etter innlegg hans kl 0905.  Vi ber pressa om å melda seg på til inaa@kd.dep.no 

Kontaktperson i KD: Kommunikasjonsrådgivar Ingebjørg Aadland. Mobil: 97735857. E-post: inaa@kd.dep.no

Kontaktperson HiOA: Kommunikasjonsrådgivar Andreas Blaauw Hval. Mobil 93806942. E-post: andreas.blaauw-hval@hioa.no