Historisk arkiv

Teknologiutvikling i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Tord Lien (FrP) møtte i dag bedrifter i Telemark og talte under konferansen Telemark Energiforum, som er ein møtestad for petroleums- og fornybarindustrien i fylket.

Statsråden besøkte mellom anna Telemark Technologies, som har utvikla ein trykktank som kan teste utstyr i eit trykk som tilsvarar 11000 meters havdjup. Bedrifta vann nyleg NHOs nyskapingspris for 2015.

Telemark Technologies er eit godt døme på at nyttige innovasjonar skjer i mindre bedrifter. Mangfaldet av kompetansebedrifter, som leverer topp kvalitet til offshorenæringa er imponerande. Dette viser at næringa skapar vekst og arbeidsplassar over heile landet, også i Telemark, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Lien la også vekt på teknologi og kompetanse då han heldt innlegg under Telemark Energiforum på Notodden same dag.

Vi vil aldri vere billegast i Norge, men til gjengjeld er kompetansen og grobotnen for teknologiutvikling av ypperste klasse. Det er spesielt viktig å ta vare på denne kompetansen i tider der ikkje alle piler peiker oppover. Regjeringa vil auke løyvingane til forskning og utvikling i petroleumsbransjen, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Vasskraft har lagt grunnlag for dei lange industritradisjonane i Telemark.

Rein og regulerbar vasskraft er og skal framleis vere sjølve ryggrada i kraftsystemet vårt. Det er viktig at ein framleis investerer for å halde ved like og foredle vasskrafta, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

(Statsråd Tord Lien får demonstrert spennande reinseteknologi på Telemark Teknologipark under besøk til Notodden. Her saman med Torgeir Straand og Asmund Buen. Foto: HEV/OED)