Historisk arkiv

Ny NIBR-rapport: Mindre problem enn frykta i låginnskotsburettslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei ny kartlegging frå NIBR viser at omfanget av problem knytt til låginnskotsburettslag er mindre enn frykta.

Ei ny kartlegging frå NIBR viser at omfanget av problem knytt til låginnskotsburettslag er mindre enn frykta.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa fekk i dag overlevert ei ny kartlegging av omfanget av problem knytt til låginnskottsburettslag frå NIBR. Forskarane har mellom anna funne ut at omfanget av økonomiske problem hjå dei som eig bustader i låginnskottsburettslag som er skipa i perioden 2004-2008, ikkje er stort. Av 2400 hushald i 91 undersøkte burettslag har berre 100 hushald, eller om lag 4,0 prosent, misleghalde felleskostnadane.

- Det er svært leit for alle som har problem med å bli buande i bustaden sin på grunn av aukande buutgifter. Eg er glad for at tala NIBR legg fram, tyder på at det er færre som har fått problem med slike bustader enn frykta. Det er sjølvsagt mager trøst for dei som vert råka. Difor er eg tilfreds med at tiltaka regjeringa sette i gang sist sommar, ser ut til å møta utfordringane i slike burettslag på ein god måte, seier Kleppa.

Meir om forskaranes konklusjonar
NIBR har hatt i oppdrag å sjå nærare på burettslag som har blitt seld i perioden 2004 – september 2008 med eit innskott lågare enn 25 prosent av kjøpesummen. Forskarane konkluderer med at desse bustadene skil seg lite frå andre bustader. Dei har same storleik og kostar om lag det same som andre nye bustader. NIBR konkluderer og med at prospekta har vore utilstrekkelige i mange tilfelle. Dette gjeld særleg informasjon om totalpris, framtidig kostnadsutvikling og medlemskap i sikringsordning mot tap på felleskostnader. Undersøkinga syner og at åtte av ti låginnskotsburettslag er med i ei sikringsordning mot tap på felleskostnader. Det er fleire som ikkje er med i ei sikringsordning blant dei burettslaga som har høgast del fellesgjeld.

- Næringa har teke ansvar og endra bransjenorma for eigedomsmekling slik at bustadkjøparar skal vere sikra god informasjon. Eit anna viktig tiltak vi har til vurdering er å lovfesta eit krav til minimumsinnskot. Då sikrar vi at fleire som ønskjer å kjøpe bustader i låginnskottsburettslag vert kredittvurdert fordi dei må låne pengar til innskotet hjå ein bank. Vi har og sett ned eit utval som mellom anna skal sjå på korleis burettslag som i dag ikkje er med i ei sikringsordning, eventuelt kan bli med i ei slik ordning i framtida, seier Kleppa.

Følgjer utviklinga nøye
NIBR si undersøking tyder på at dei økonomiske problema knytte til låginnskottsburettslag er mindre enn ein har hatt inntrykk av. Samtidig er det liten tvil om at det er bustadeigarar og burettslag som har problem, noko mellom anna oppslag i media viser.

- Eg vil no følgja situasjonen framover nøye, og vurdera om det er behov for fleire tiltak enn dei vi alt har sett i gang. Eg vil òg be Husbanken følgje nøye med på situasjonen i burettslaga dei har finansiert og gjere det dei kan for å finne gode løysingar om det oppstår problem, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.

Fra pressekonferansen. Foto: KRD