Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

149 millionar kroner meir til Telemark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 149 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 149 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0805 Porsgrunn

24,8

0806 Skien

39,4

0807 Notodden

9,6

0811 Siljan

2,0

0814 Bamble

9,1

0815 Kragerø

8,6

0817 Drangedal

4,1

0819 Nome

4,9

0821 Bø

3,4

0822 Sauherad

2,5

0826 Tinn

4,4

0827 Hjartdal

1,6

0828 Seljord

2,8

0829 Kviteseid

1,9

0830 Nissedal

1,3

0831 Fyresdal

1,0

0833 Tokke

2,1

0834 Vinje

3,1

Telemark

126,6

 

Telemark fylkeskommune

22,8

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.