Historisk arkiv

Tenester til barn og unge må haldast opne

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Fleire fylker og kommunar set i verk tiltak som går lenger enn tilrådingane frå regjeringa, viser ny rapport. Stengte barnehagar og skular, og heile avdelingar og klasser som er sett i karantene for å førebygge smitte, er noko av det som uroar koordineringsgruppa for sårbare barn og unge.

– Vi må bruke kunnskapen og erfaringane vi gjorde oss etter nedstenginga i mars. Den fekk store negative konsekvensar for barn og unge, og vi må gjere det vi kan for at dette ikkje skjer igjen. Vi vil kalle inn til eit digitalt møte med fylkesmennene om situasjonen. Vi må mellom anna sikre at dei som jobbar med sårbare barn og unge som hovudregel ikkje er på heimekontor, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Seks statsrådar skal ha eit møte med fylkesmennene om situasjonen i neste uke. I tillegg vil helse- og omsorgsministeren, kunnskaps- og integreringsministeren og barne- og familieministeren sende ut eit brev til alle landets kommunar og fylkeskommunar for å tydeleggjere forventningane til kommunane.

Her kan du lese den niande rapporten frå koordineringsgruppa.

Raudt nivå på vidaregåande skuler i kommunar med høgt smittenivå

– No er smitta aukande og vi tilrår vidaregåande skular i område med mykje smitte å gå til raudt tiltaksnivå. Vi har også varsla at ungdomskular må gjere seg klare til å endre tiltaksnivå. Det er viktig at strengare tiltak berre vert tatt i bruk der smittenivået krev det. Alle elevar skal ha tilbod om så mykje undervisning som praktisk mogleg på skolen, og dei som har behov for spesialundervisning skal få det, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Frå registreringa til koordineringsgruppa starta i veke 34 til utgangen av veke 43 viser rapporten til at det er registrert 103 tilfelle av endring i tiltaksnivå frå gult til raudt eller stenging av barnehagar og skuler. Karantene for heile avdelingar, klasser eller trinn er definert som stenging, då barna og elevane i praksis ikkje får høve til å gå i barnehage eller på skulen i 10 dagar. Til saman er 30 barnehagar og 140 skoler råka. Registreringane som er gjort fram til 23. oktober er ikkje fullstendige, men gir et bilde av situasjonen.

– Med den aukande smitta vi har no er det ekstra viktig at vi står saman om å skjerme barn og unge slik at dei kan ha ein så normal kvardag som mogleg. Dersom ein barnehage eller skule skal stenge midlertidig eller gå til raudt nivå, skal det ligge grundige vurderingar bak. Sårbare barn og unge skal ikkje miste tilbod om til dømes spesialundervisning, seier Melby.

Sender brev til alle kommunar

Rapporten viser at dei som jobbar på skulehelseteneste og helsestasjon blir brukt til influensavaksinering og andre oppgåver som testing og smittesporing.

­­– Det er eit stort steg å seie frå til ein vaksen om noko som er tungt, og då skal ikkje barnet møte ei stengt dør hjå helsesjukepleiar. I brevet vi skal sende til alle landets kommunar, vil vi gi klar beskjed om at helsesjukepleiarar som hovudregel ikkje må brukas til testing og smittesporing. Det må kommunane rekruttere og lære opp anna personell til. Vi vil også be fylkesmannen følgje opp kommunane på dette området, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.    

Viktig med opne tilbod til barn og unge

Rapporten er tydeleg i si tilråding om å halde møteplassar for unge opne så langt det let seg gjere. Mange barn og unge er heilt avhengig av desse arenaene for å ta vare på relasjonar og eiga psykisk helse. Barneidrett og andre fritidsaktivitetar bør haldast opne sjølv i område med smitte då dette er aktivitetar som er spesielt viktige for sårbare barn og unge. Rapporten viser at smitteverntiltaka spesielt for dei eldre ungdommane er betre ivaretatt på desse arenaene enn når dei er heime hjå kvarandre.

- Eg er imponert over korleis frivilligheita og idretten strekker seg langt for å halde fritidsaktivitetar for barn og unge i gang i ei krevjande tid. Organisasjonane har allereie frå starten av pandemien laga gode smittevernrettleiarar, og eg forventar at kommunane strekk seg langt for å leggje til rette for at aktivitetar for barn og unge kan holdast opne så langt det er forsvarleg, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Redusert tilbod til sårbare barn og unge

Koordineringsgruppa ser med stor uro på at tilbod til barn og unge reduserast som følge av koronakrisen. Rapporten peiker på fleire utfordringar:

  • Tiltak blir strengare enn naudsynt fordi «alle legg på litt» på dei nasjonale tilrådingane: Mange misforstår tilrådingane og legg lag på lag med egne avgjersler. Det er først nasjonale tiltak, deretter regionale og lokale - og så enkeltindivid.
  • Nedstenging av barnehagar og skular brukast som førebyggjande tiltak: I tillegg til tilfelle av stenging av heile barnehagar og skular, sjølv når dette burde vore avgrensa til å gjelde enkelte trinn eller avdelingar, har ein sett utbreidd bruk av karantene for å nå «alle som kan ha vorte utsette for smitte». I tillegg er det fleire stadar redusert opningstid i barnehagar, redusert undervisningstilbod på skulen og bruk av digital undervisning ut frå andre vurderingar enn smittevern.
  • Det er krevjande å gjenopne tenester som har vore stengt: Det er viktig å formidle at tenester til barn og unge primært skal skje ved oppmøte. Også om kommunar tilrår eller påbyr heimekontor der det er mogleg, skal dei som jobbar i til dømes barnevern og psykisk helseteneste for barn og unge møte barna og dei unge ansikt til ansikt
  • Personell ved helsestasjonar og skulehelseteneste flyttast: Fleire kommunar har mellom anna brukt helsesjukepleiarar til influensavaksinering.
  • Fleire omfattande saker i psykisk helsevern: Fleire har lengre opphald på akutteining. Det er ei mogleg auke i spiseproblematikk blant unge jenter, samt ei mogleg auke i talet på tilvisingar med sosial angst og fastlåste skulevegrarar.
  • Aukande einsemd blant elevar, og auka fare for å bli utsette for negativ sosial kontroll: Fleire elever fortel om einsemd på skulen, at dei syns det er vanskeleg å bli kjende med nye elevar i klassa og at dei ikkje har nokon å vere med i friminutta. Dette kan gjere elevar som blir utsetje for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald enda meir sårbare, og gjere det meir krevjande for hjelpeapparatet å fange opp og hjelpe desse elevane.
  • Det er behov for møteplassar og aktivitetar for barn, men særleg ungdom: Om ein stenger etablerte og organiserte møteplassar vil møteplassane i større grad bli heime hjå folk. For ungdom og unge vaksne, kanskje tronge og små hyblar. Her er risiko for smitte større. Derfor er det viktig å planlegge for tilrettelegging og smittevern på dei stadane ungdom allereie møtast.