Historisk arkiv

Ti nye rekrutteringskvotar er tildelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Søknadane til dei ti nye rekrutteringskvotane for 2016 er ferdigbehandla. -Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. I tillegg til rekrutteringskvotane har vi innført eigne lærlingekvotar og auka skolekvotane. Til saman er dette tiltak som eg håpar skal få fleire unge til å bli fiskarar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Sidan 2009 har departementet årleg delt ut rekrutteringskvotar til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Målet er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.

Ordninga er berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy. Det var i år totalt 41 søkjarar, av dette ei kvinne. Fleire enn ti fiskarar oppfylte vilkåra for nytildeling. Søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid vart prioriterte.