Historisk arkiv

Tildeler 3,9 millionar kroner til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fordelt ca. 3,9 millionar kroner i tilskot til 38 ulike prosjekt og tiltak. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga etter plan- og bygningsloven.

Tilskota vert gjeve til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i sivil sektor.

Departementet legg stor vekt på at alle som deltek i planprosessar har tilstrekkeleg kunnskap om sine rettar, pliktar og om gangen i planarbeid. Dette vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og at prosessane går effektivt.

KMD har også som målsetting å auke den tekniske standarden på slike planar. Dette kan ein oppnå mellom anna blant ved å utvikle nye elektroniske hjelpemiddel i saksframstillinga og å samordne prosessane frå plan til byggesak.

Det har vore stor interesse for ordninga, og i år  kom det inn 54 søknadar frå 42 søkarar som departementet har handsama. Det samla søknadsbeløpet var på cirka 11,5 millionar kroner.

Desse søkarane har fått tildelt tilskot i 2021:

Tema planlegging:

  • Norsk arkitekters landsforbund (NAL)
  • Sekretariatet for etter- og videreutdanning i samfunns-planlegging (SEVS)
  • Transport-økonomisk institutt (TØI)
  • Norsk Sentrums-utvikling (NSU)
  • Norsk Kommunal-teknisk Forening (NKF)
  • Transport-økonomisk institutt (TØI) v/ "Forum for byutvikling og bytransport"
  • Open House Oslo
  • Forum for kommunale planleggere (FKP)
  • Habitat Norge
  • PS Paaby Prosess EDU-ACTION i samarbeid med Universitetet i Agder
  • Byutviklingens lange linjer (BULLBY)
  • Norsk Bolig- og byplanforening (BOBY)
  • Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL)

Tema kart og geodata:

  • BA-nettverket
  • Geoforum Innlandet
  • EgdePlan i samarbeid med Vill Plan
  • Nordic Edge
  • 3D Analyse
  • Norconsult
  • Naturvern-forbundet i Oslo og Akershus
  • Geoforum sentralt
  • Offshore Simulator Centre
  • Forum for Natur og Friluftsliv (FnF) Telemark
  • Geoforum Buskerud
  • FNF Agder
  • Friluftsrådenes Landsforbund

Tema universell utforming:

  • Hisøy frivillighets-sentral
  • Universell Utforming AS

Nokre verksemder/organisasjonar har fleire prosjekt