Historisk arkiv

Tildeler 49 millionar kroner til tiltak mot barnefattigdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Organisasjonane Røde Kors, Blå Kors, Kirkens Bymisjon og MOT vert tildelt saman 49,1 millionar kroner frå den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom. Dette er ein auke på 14,5 millionar kroner samanlikna med i fjor. Denne tildelinga er øyremerka midlar i Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom som i år er på 193 millionar kroner totalt.

- Desse pengane kjem barna som treng det til gode. Det er vanskeleg å vere den einaste i klassen som ikkje er på fritidsaktivitetar, eller den einaste som ikkje får reise på ferie. Barna skal ikkje lastast for foreldra sin situasjon. Derfor er eg glad for at vi har ei historisk satsing i tilskotsordninga mot barnefattigdom som gjer at rekordmange barn og unge får delta i fritidsaktivitetar og på feriar, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

 - Nye tal frå SSB viser at 98.000 barn veks opp i ein familie med varig låg inntekt i Noreg. Dette er 31.000 fleire enn i 2006 og svært bekymringsfullt. Når vi ser at over halvparten av låginntektsfamiliar er familiar med innvandrarbakgrunn så viser det kor vanskeleg og viktig det er å ha ein integrerings- og arbeidsmarknadspolitikk der det lønner seg å jobbe og vi lykkast med å få innvandrarkvinner i jobb. Samstundes må vi halde fram å gi dei barna som treng det eit godt tilbod, seier statsråden.

 Tiltaka som no får støtte gjennom dei øyremerka midlane er:

  • Røde Kors, Ferie for alle: 21,6 millionar, ein auke på 6 millionar samanlikna med i fjor
  • Blå Kors, Barnas stasjon: 18 millionar, ein auke på 4 millionar
  • MOT, Robust ungdom: 3,5 millionar, ein auke på 1,5 millionar
  • Kirkens Bymisjon Drammen, FRI: 3 millionar, ein auke på 500 000 kroner
  • Kirkens Bymisjon Vestfold, FRItidshuset: 3 millionar, ein auke på 2,5 millionar

 Dei andre midla i den nasjonale tilskotsordninga blir fordelt i løpet av våren.