Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tildeler tilskot til å implementere nasjonale verktøy for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar

Om lag 3,4 millionar kroner er no delt ut til verktøyet ALLEMED og Frivillighetsløftet. Pengane skal gå til å implementere nasjonale verktøy som bidreg til auka aktivitet og inkludering for barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt.

Under Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2020, vart det vedtatt at inntil fem millionar kroner av årets løyve på Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge skal gå til å implementere nasjonale verktøy retta mot barn og unge i låginntektsfamiliar. 3,1 millionar kroner går til tiltaket ALLEMED i regi av Nasjonal dugnad mot fattigdom blant barn og unge og 250 000 kroner går til tiltaket Frivillighetsløftet i regi av Frivillighet Norge.

Pengane skal bidra til auka oppslutning om Fritidserklæringas mål om at alle barn og unge skal ha høve til å delta jamleg i minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Midlane skal også gi betre kunnskap om utfordringar av å vekse opp i familiar med låg inntekt. I tillegg skal mottakarane av tilskotet stimulere til samarbeid mellom offentlege, frivillige og private aktørar.

- Fritidsaktivitetar er ein viktig sosial arena som gir barn og unge høve til å utvikle sosiale ferdigheiter, vennskap og nettverk. For å kunne nå målet til Fritidserklæringa må kommunar og aktørar som tilbyr fritidsaktivitetar samarbeide og ha kunnskap om korleis barn og unge best kan inkluderast i fritidsaktivitetar. Derfor er eg så glad for at vi kan tildele desse pengane i år, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er i år på rundt 310 millionar kroner. I denne runda går pengane til å implementere nasjonale verktøy retta mot målgruppa. Tidlegare er det tildelt om lag 300 mill. kroner til ferie- og fritidsaktivitetar over hele landet.

Regjeringa har også foreslått å auke løyvingane i Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge med 53 millionar kroner i RNB som ein del av forslaget om tiltakspakke for sårbare barn og unge.

Til toppen