Historisk arkiv

Tildelingar til Nasjonale turiststiar i 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa laga i 2017 ordninga Nasjonale turiststiar, som skal bidra til å redusere slitasje og forsøpling og betre tryggleiken på dei mest brukte turstiane våre. I år har 14 ulike prosjekt fått midlar frå ordninga som har ei samla ramme på 12 millionar kroner.

- Med ordninga Nasjonale turiststiar vil regjeringa legge til rette for at ferdsel i norsk natur skjer på ein berekraftig måte. Sjølv om koronapandemien gjer at vi i år opplever heilt spesielle tider, skal vi ønskje reisande fotturistar frå Noreg og andre land velkomen til å vandre på desse stiane att. Da må vi sørge for at auka ferdsel ikkje går ut over tryggleik, naturverdiar eller opplevingsverdiar, seier klima- og  miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tilskota frå regjeringa vil gjere at naturkvalitetar, opplevingskvalitetar og tryggleik blir tekne vare på i nokre av våre flottaste og mest besøkte naturområde. Dei siste åra har ei rekkje stiar fått tilskot frå ordninga, og vi ser allereie ein markant nedgang i mengd utrykkingar frå redningstenesta, mindre slitasje og mindre forsøpling i naturen. Erfaringa er at ganske enkle tiltak kan redusere både slitasje, forsøpling og mengd utrykkingar frå redningspersonell.

Det er Miljødirektoratet som har vurdert søknadane og fordelt pengane til dei ulike prosjekta.  Les meir her.

Prosjekta som har fått tilskot i år er:

  • Preikestolen: Omlegging av sti ved start for å unngå å krysse vegen i ein sving, omlegging og sti over eit myrområde, vinterberedskap.
  • Fosseråsa: Ferdigstilling av stien i Mørkja (midtre del av turen), informasjon om fare for å ramle i elva.
  • Trolltunga: Fjellvakt, diverse arbeid med trafikk/bom/parkering, informasjon, tilrettelegging av sti.
  • Besseggen: Fjellvaktordning.
  • Engabreen, Meløy: Vertskap, lokalt samarbeid, informasjon.
  • Kjerag: Trafikkteljingar, tilrettelegging, vertskap, tryggleik.
  • Reinebringa: Ferdigstilling av sti mot toppen der det har vore problem med steinsprang.
  • Romsdalsegga: Tilrettelegging av nedste del av stien, toalett Åndalsnes.
  • Rødøy: Steinlegging av sti til Rødøyløva
  • Kvalvika/Ryten: Arbeid med besøksforvaltning, utprøving av ulike transportmoglegheiter (båt, sykkel, buss), parkering
  • Segla på Senja: Parkeringsplass og toalett.
  • Gaustatoppen: Brukarundersøking.
  • Skagsvolla, Trysil: Tilrettelegging av sti, gapahuk
  • Dronningruta: Tilrettelegging

(Denne meldinga vart oppdatert 8. april med opplysninga om at det er Miljødirektoratet som har vurdert søknadane og fordelt pengane)