Historisk arkiv

Tilrår raudt nivå for vidaregåande skular i område med høg smitte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kommunar med høg smitte må vurdere å gå over til raudt nivå i vidaregåande skule. Ungdomsskular må bu seg på å innføre tiltak på raudt nivå. – Etter vi opna skulane og barnehagane igjen i vår, har vi vore opptekne av at barn og unge skal skjermast frå dei strengaste tiltaka. Det ynskjer vi å halde fram med, men då må vi snu smittetrenden i samfunnet, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Ungdomsskulane må innan 14 dagar gå gjennom planane dei har for å innføre raudt nivå.

– Vi må bli endå betre til å følgje smittvernreglane. Alle kan gløyme seg, men no er det viktig at vi alle gjer det vi skal, altså vere heime dersom vi er sjuke, vaske hender, halde avstand og avgrense kor mange vi har sosial omgang med, seier Melby.

Dette er dei nye tiltaka for barnehage og skule:

  • Lokale styresmakter må vurdere raudt nivå for vidaregåande skular i område med høg smitte.
  • Ungdomskular må gå gjennom planane dei har for å innføre raudt nivå innan 14 dagar.
  • Det blir tilrådd at sosiale kontaktar blir avgrensa til maks 10 personar i veka utover eigen husstand. Dette gjeld ikkje barnehage- og barneskulekohortar, men elevar på ungdoms- og vidaregåande skular.
  • Unge og vaksne som har vore saman med vener, og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til personar i risikogruppa.
  • Helsedirektoratet skal revidere rettleiaren om smittevern i kollektivtransporten. Dette kan gje innskjerpingar som til dømes ledig sete mellom passasjerane eller at passasjerane ikkje kan nytte ståplassar. Dette kan få følger for skuleskyss.
  • Utdanningsdirektoratet skal tydeleggjere kva tiltak som gjeld på ulike nivå.

Ekspertgruppe skal vurdere smitteverntiltaka i barnehagar og skular

I tillegg til dei andre tiltaka skal ekspertgruppa, som i vår ga regjeringa råd om smittevern i barnehagar og skular, gjenopprettast.

Gruppa skal vurdere kva konsekvensar dagens tiltak har for mellom anna læring og psykisk helse, og kva effekt tiltaka har på smittespreiinga. Dei skal òg sjå på nye tiltak som kan avgrense smittespreiinga i barnehagar og skular.

– Barn har liten rolle i smittespreiinga og dei skal ha lågast mogleg byrde under pandemien. Dei negative konsekvensane av reduserte tilbod i skular, barnehagar og i velferdstilbodet har store konsekvensar for barn og unge. Difor må vi sjå om tiltaka verkar slik dei er tenkt, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Trafikklysmodellen som blei utvikla for skular og barnehagar viser kva tiltak som skal setjast i verk når. Ekspertgruppa skal no komme med råd om når og kor lenge skular og barnehagar bør vere på raudt nivå.

Kjem med tilråding i midten av november

Gruppa skal finne og gjere vurderingane og tilrådingane sine på den nyaste kunnskapen og erfaringar frå andre land. Dei skal òg vurdere administrative og økonomiske konsekvensar.

Ekspertgruppa er den same som kom med tilrådingar til regjeringa tidlegare i år. Utdanningsdirektoratet skal leie gruppa, og det skal framleis vere med medlemmar frå Folkehelseinstituttet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Helsedirektoratet blir observatør i gruppa. 

Gruppa skal levere tilrådingane sine til Kunnskapsdepartementet i midten av november. Rapporten vil bli offentleg straks etter det.