Historisk arkiv

Tilrettelegging av akvakulturregelverket for oppdrett, oppbevaring og bruk av rensefisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å endre regelverket slik at det er betre tilpassa oppdrett, oppbevaring og bruk av rensefisk.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å endre regelverket slik at det er betre tilpassa oppdrett, oppbevaring og bruk av rensefisk.

Rensefisk er eit velfungerande, miljøvennleg og nyttig supplement til kjemiske avlusingsmiddel. Det blir i dag oppdretta ein del rensefisk, og det ligg til grunn at oppdrett av slik fisk vil auke med tida.

Regelverket, slik det er i dag, er ikkje utforma med sikte på slike former for oppdrett.

Det er viktig at regelverket er tilpassa oppdrett av rensefisk, oppbevaring og bruk, både med tanke på fiskevelferd og fiskehelse og med omsyn til vern av ville bestandar.

I 2010 vart det fanga mellom 10 og 20 millionar vill leppefisk til bruk i norske oppdrettsanlegg. Omfattande framtidig bruk av villfanga leppefisk – og annan rensefisk – kan få konsekvensar for utbreiinga til desse artane. Ut frå lusenivået i oppdrettsnæringa i dag, er det grunn til å tru at etterspørselen etter rensefisk ikkje vil minke med det første.

Departementet foreslår difor mindre endringar i akvakulturregelverket, slik at vi kan møte det framtidige behovet for rensefisk. Høyringsfristen er 9. mai 2012.

- Endringane vi foreslår vil medverke til vern om naturmangfaldet og ville bestandar, og vise fram rensefisk som eit miljøvennleg alternativ til kjemiske avlusingsmiddel i lakseoppdrettsnæringa, seier statssekretær Kristine Gramstad.