Historisk arkiv

Tilskot til Antidoping Norge for 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Stiftinga Antidoping Norge (ADNO) vart i statsråd 11. desember 2020 tildelt 39 millionar kroner frå spelemidla til idrettsformål til bruk i 2021. Tilskotet har auka med 1 million kroner frå sist tildeling og viser regjeringas tydelege prioritering av antidopingarbeid i idretten.

– Doping undergrev kjerneverdiane i idretten og truar idrettens integritet. Det er avgjerande at vi har eit godt, koordinert og tillitsvekkande antidopingarbeid, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Tilskotet legg til rette for at Antidoping Norge kan ivareta sine oppgåver både nasjonalt og internasjonalt.

– Tilskotet er også ei anerkjenning av den sterke og viktige posisjonen Antidoping Norge har i det internasjonale antidopingarbeidet, seier Raja.