Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tilskot til arrangementsstøtte til VM i bandy for kvinner

Kulturdepartementet gir tilskot på 750 000 kroner slik at Norges bandyforbund kan arrangere VM i bandy for kvinner i 2020.

- Bandyforbundet fortener ros for at dei vil heve statusen for kvinnebandy ved å påta seg arrangementsansvaret for VM i 2020. Dette initiativet vil heve meisterskapet slik at det blir eit like bra arrangement som bandy-VM for menn. Det er nettopp slike initiativ vi ønskjer å støtte opp om gjennom den nye tilskotsordninga for meisterskapsarrangement, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

- Bandy er eit godt eksempel på ein idrett som ikkje er veldig synleg. Det er ein relativt liten idrett i Noreg og også ein idrett der vilkåra bør leggjast betre til rette for kvinnelege utøvarar. Det er heller ikkje lett for små idrettar å skaffe sponsorinntekter. Vi veit at kvinnelege utøvarar i større grad enn menn opplever utfordringar når dei satsar på ein idrettskarriere. Med mindre sponsorinntekter og premiepengar er den økonomiske usikkerheita større. Dette fører til at mange må jobbe eller studere på si og får mindre tid til å trene – og kanskje vel dei å avslutte karrieren tidlegare. Eit internasjonalt arrangement vil bidra til bryte denne sirkelen, seier kultur- og likestillingsministeren.

Norges Bandyforbund er heilt avhengig av offentleg støtte for å gjennomføre eit VM-arrangement for kvinner. Eit internasjonalt meisterskap i Noreg vil gi god publisitet og bidra til at fleire jenter blir rekrutterte til bandysporten.

Det er sett av 20 millionar kroner av spelemidlane til idrettsformål til ei prøveordning for å oppmuntre søkjarar som ikkje har arrangert internasjonale meisterskap eller der det er lenge sidan det vart arrangert meisterskap i Norge. Departementet stiller mellom anna krav om open søknadsprosess, realistisk budsjettering og eit antidopingarbeid i samsvar med WADA sitt regelverk.

Til toppen