Tilskot til auka kunnskap om natur i kommunane

Ei tilskotsordning til kommunar som vil auke kunnskapen om lokal natur og korleis dei kan ta vare på han gjennom eigne kommunedelplanar, har vakt interesse. Klima- og miljødepartementet auka difor tilskotet til ordninga.

- Kommunane har ei avgjerande rolle i forvaltinga av naturen i Noreg. Gjennom denne tilskotsordninga har vi lagt til rette for at kommunane kan  skaffe seg betre kunnskap om den lokale naturen og korleis dei kan ta vare på han i den kommunale planlegginga, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

Kommunane forvaltar størsteparten av areala gjennom kommunal planlegging. Det er difor avgjerande at kommunane har god kjennskap til naturmangfald av nasjonal og lokal verdi i sin kommune. Først då kan dei gjere gode avvegingar mellom naturomsyn og andre interesser. Arealendringar står for den viktigaste negative verknaden på naturmangfaldet i Noreg. Når kommunane lagar kommunedelplan for natur, skapar det medvit om naturen blant innbyggjarane og blant politikarane.

I statsbudsjettet for 2021 sette regjeringa av 1 million kroner til ei ny tilskotsordning til kommunar som vil lage og vedta kommunedelplan for natur. Det var stor interesse for ordninga. 45 kommunar søkte, men det var berre nok pengar til at 8 av desse kunne få tilskot.

Som eit resultat av det store talet på søkarar, sette Klima- og miljødepartementet av ytterlegare 1,9 millionar kroner til tilskotsordninga i 2021.

Totalt er det altså sett av 2,9 millionar kroner til ordninga i år.  22 kommunar har fått bekrefta at dei vil få tilskot til å utarbeide kommunedelplan for natur.

Det er Miljødirektoratet som administrerer tilskotsordninga. Det har tidlegare vore gjennomført eit pilotprosjekt av ordninga i 2016 - 2018. Resultata frå pilotprosjektet viste at kommunar som har laga ein eigen kommunedelplan for natur, har fått auka medvit og kompetanse om naturmangfald i kommuneadministrasjonen, blant politikarane og innbyggarane. Miljødirektoratet har utarbeidd ein eigen rettleiar for kommunedelplanar for naturmangfald.

 

Miljødirektoratet ga tidlegare denne månaden melding til desse kommunane om at dei vil få tilskot til å lage kommunedelplan for natur i 2021:

  • Arendal, Surnadal, Tingvoll, Oppdal, Horten, Solund, Gol, Hemsedal, Lillehammer, Gausdal, Sunndal, Hammerfest, Leka, Åfjord, Luster, Austevoll, Ulvik, Gulen, Eidsvoll, Vestby, Moss og Sarpsborg