Historisk arkiv

Tilskot til inkludering i fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar  og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og ungdom (NDFU) får 1 194 000 kroner til arbeidet mot barnefattigdom

(NDFU) er eit breitt fellesinitiativ som består av norske frivillige organisasjonar, fagmiljø og foreiningar. NDFU har som mål å arbeide mot utanforskap blant barn og unge.

NDFU skal med utgangspunkt i ALLEMED-verktyet bidra til samarbeid mellom kommunar og organisasjonar. Målet er at alle barn som ønskjer det kan delta i fritidsaktivitetar uavhengig av foreldreøkonomien. ALLEMED er et verkty som tar sikte på engasjere frivillige leiarar i arbeidet mot barne-og familiefattigdom i Noreg og korleis ein kan inkludere fleire barn og unge. Prosjektet skal drivast av NDFU med KFUK/KFUM som prosjektansvarleg.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking, seier kulturminister Hofstad Helleland.