Tilskot til internasjonale idrettsmeisterskap for 2023

– Idrettsverda består av både små og store idrettar og mangfaldet vi har i Noreg er verd å ta vare på. No gir vi aktørar med lite kommersiell inntekt moglegheit til å søke tilskot for å arrangere internasjonale meisterskap innafor idrett eller fysisk aktivitet. Her vil arrangement som legg til rette for likestilling bli prioritert, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Nokre idrettar er veldig synlege og har betydeleg marknadspotensial, andre må jobbe mykje hardare for å få satt sin idrett på dagsorden. Denne tilskotsordninga er open for frivillige, medlemsbaserte organisasjonar, eller arrangementsselskap eigd av slike organisasjonar, som ønsker å arrangere europa- eller verdsmeisterskap for seniorar i Noreg. Dei kan søka om tilskot til meisterskap både for funksjonsfriske og for personar med nedsett funksjonsevne.

– Regjeringa ønsker å legge til rette for at fleire idrettar kan arrangere internasjonale meisterskap i Noreg. Derfor gir vi ei handsrekking til små idrettar som har få sponsorar og få moglegheiter for kommersielle inntekter slik at desse òg kan få vise fram det øvste nivået av sin idrett til et norsk publikum, seier Trettebergstuen.