Historisk arkiv

Tilskot til selfangstnæringa i 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett ein tilskotsordning for selfangstnæringa i 2021, med ei ramme på 1,750 millionar kroner.

- Tilskotet skal bidra til at størst mogeleg del av totalkvoten blir teke, og at selfangstnæringa skal kunne skape størst mogeleg verdiar basert på råstoff frå sel, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Målgruppa for ordninga er reiarlag og mottak for selprodukt. Det er 250.000 kroner i grunntilskot til kvart fartøy som oppfyller krava, og i tillegg eit fangstavhengig tilskot som blir fordelt til deltakande fartøy basert på tal dyr som blir fangsta. Det kan tildelast maksimalt 1 millionar kroner i fangstavhengig tilskot pr fartøy. I tillegg blir det foreslått å setje av 250.000 kroner til selmottak. Beløpet blir delt på deltakande mottak og talet kjøpte dyr.

Det er fastsett ei kvote på 11 548 grønlandssel som er eitt år og eldre i Vesterisen, og 7000 grønlandssel i Østisen. Fangstperioden er fastsett til 1. april - 30. juni i Vesterisen, samt 1. mars - 31. mai i Østisen.

Det er Fiskeridirektoratet som administrerer ordninga og utbetaler tilskota. Fartøy som ønskjer å delta i årets fangst må søkje Fiskeridirektoratet region Nord om dette, mens søknadsfristen for tilskotsordninga er sett til 5. mars.

Retningslinjer for tilskudd til selfangsten 2021 (pdf)