Historisk arkiv

Tilskot til Special Olympics Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har gitt eit tilskot frå spelemidlane på 700 000 kroner til Special Olympics Norge (SON). Tilskotet skal bidra til å sikre at utviklingshemma utøvarar kan delta i nasjonale og internasjonale Special Olympics arrangement.

Kulturdepartementet har gitt eit tilskot frå spelemidlane på 700 000 kroner til Special Olympics Norge (SON). Tilskotet skal bidra til å sikre at utviklingshemma utøvarar kan delta i nasjonale og internasjonale Special Olympics arrangement.

- Alle skal ha høve til å delta i idrett og fysisk aktivitet på eigne vilkår. Det er viktig at utviklingshemma har eit idrettstilbod der dei bur, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) og SON arbeider for å få på plass ein langsiktig samarbeidsavtale. Formålet er å leggje til rette for at utviklingshemma får eit høveleg aktivitetstilbod i dei lokale idrettslaga i tillegg til at dei får høve til å delta på internasjonale arrangement i regi av Special Olympics.

– Eg har tru på at utviklingshemma idrettsutøvarar vil nyte godt av ein samarbeidsavtale med idretten. Samstundes vil ein slik samarbeidsavtale sikre trygge og stabile rammevilkår for Special Olymics Norge i framtida, seier kulturministeren.

Special Olympics Norge er ein frivillig organisasjon som vart etablert i 2007. Organisasjonen jobbar særskilt for at utviklingshemma skal ha eit lokalt idrettstilbod. SON samarbeider med særforbund og idrettslag om treningar og konkurransar. Special Olympics Norge arrangerer eigne idretts- og folkehelsearrangement i heile landet og legg til rette for at utøvarar frå Noreg kan delta på internasjonale idrettsarrangement.