Historisk arkiv

Tiltak for betre kollektivtransport i byområda: 980 av 1 380 millionar kroner er fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa ønskjer å stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. For mange er privatbil i dag det beste alternativet for å få kvardagen til å gå i hop. Desse må få eit betre alternativ. Vi vil auke valfridomen for dei reisande, slik at fleire vel å gå, sykle eller reise kollektivt. Midlane frå den såkalla Belønningsordninga legg til rette for dette, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei ni største byområda i landet hadde belønningsavtalar med staten ved utløpet av 2015. Det er avtalefesta følgjande fordeling mellom desse byområda i 2016:

Oslo  280 mill. kr
Bergen 140 mill. kr
Trondheim 170 mill. kr
Stavanger  60 mill. kr
Kristiansand                             80 mill. kr
Buskerudbyen                          80 mill. kr
Skien/Porsgrunn  60 mill. kr
Fredrikstad/Sarpsborg  50 mill. kr
Tromsø                                     60 mill. kr

Dette utgjer alt i alt 980 millionar kroner. Desse midlane blir utbetalt på bakgrunn av om den årlege rapporteringa viser at byområda har oppfylt krava i avtalane med staten. 

400 millionar kroner blir fordelt seinare i år
Samferdselsdepartementet kjem på eit seinare tidspunkt attende med fordelinga av det resterande beløpet på 400 millionar kroner.  

- I statsbudsjettet for 2016 er det alt i alt løyvd 1 380 millionar kroner til Belønningsordninga. Det er ein auke på 46 prosent samanlikna med forslaget i det siste budsjettforslaget frå den førre regjeringa i 2013. Det er eit taktskifte i satsinga på kollektivtransport i byområda som regjeringa er i gang med, seier samferdselsministeren.

 For fleire opplysningar – sjå:

  • Temasida til Samferdselsdepartementet om Belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda

Oppdatert: Se også pressemelding om fordeling av 400 millioner kroner