Revidert nasjonalbudsjett 2017:

Tiltak mot skrantesjuke/CWD i Nordfjella. Dyrepoliti i Østfold

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 26 millionar kroner ekstra over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet for tiltak mot skrantesjuke/CWD i Nordfjella villreinområde.

– Desse pengane kjem i tillegg til dei ordinære budsjetta. Det blir også foreslått å løyve 3 millionar kroner i jordbruksavtalen. Samla er vi oppe i nesten 30 millionar kroner i ekstraordinære midlar for å handtere  situasjonen i Nordfjella, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dei 3 millionane i jordbruksavtalen skal dekke kostnader som følgje av restriksjonar på områdebruken for anna beitenæring. 

– Ut frå dei eintydige faglege tilrådingane eg har fått frå Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, har eg gitt tilslutning til Mattilsynet si tilråding om å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella innan 1. mai 2018. Eg har bede Mattilsynet og Miljødirektoratet om fortløpande å gjere faglege vurderingar om nye prøveresultat eller andre tilhøve skulle tilseie endring av tiltaka, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

– Målet er å medverke til at vi skal ha friske viltbestandar i Noreg, at vi reduserer faren for  spreiing av skrantesjuke og at vi så raskt som råd får bygd opp att villreinstamma i Nordfjella, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

I  samarbeid med Miljødirektoratet skal Mattilsynet innan 15. juni i år utarbeide ein konkret plan for det vidare arbeidet. Planen skal ta for seg den praktiske gjennomføringa, framdriftsplan, opplegg for prøveuttak, kjøtt- og avfallshandtering og relevante smitteførebyggjande tiltak. Arbeidet skal skje i nært samarbeid med grunneigarar, beitebrukarar og kommunar. 

Det er føresetnaden at saneringsperioden skal bli så kort som råd. Det skal takast omsyn til dyrevelferden. Etatane skal vurdere om det er mogleg og fagleg forsvarleg å reetablere ei villreinstamme før det er gått fem år etter avslutta uttak. 

Dyrepoliti i Østfold

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 3 millionar kroner ekstra over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet til å etablere dyrepoliti i Østfold.

– Dyr i Noreg skal ha det godt. Overgrep mot dyr uroar mange. Dette er noko vi tek på største alvor. Med dette tiltaket styrker vi dyrevelferden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dyrepolitiprosjektet er eit samarbeid mellom politiet og Mattilsynet. Målet er å utvikle betre system og rutinar for behandling av dyrekrimsaker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til straffesak og domfelling.

Det er tidlegare etablert dyrepolitiprosjekt i Trøndelag og Rogaland.