Historisk arkiv

Tiltak for tryggare flytrafikk: "Bråkmakarar" kan få straff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 116/2000
Dato: 09.12.200

Tiltak for tryggare flytrafikk: "Bråkmakarar" kan få straff

Tiltak for tryggare flytrafikk: "Bråkmakarar" kan få straff

Flypassasjerar skal ha plikt til å rette seg etter oppmodingar frå fartøysjefen og flymannskapet om å følgje god skikk og orden og ikkje oppføre seg på ein måte som går ut over tryggleiken til flyet, besetninga eller andre passasjerar.

Den som bryt eit slikt påbod kan straffast med bøter eller fengsel i inntil seks månader, går det fram av eit forslag til endringar i luftfartsloven.

I både nasjonal og internasjonal luftfart er det eit aukande problem at passasjerar oppfører seg klanderverdig om bord i luftfartøy. Etter dei reglane som gjeld i dag, er det i luftfartslovgivinga ingen direkte heimel til å kunne straffe passasjerar som oppfører seg på ein måte som går ut over tryggleiken. Eit klarare regelverk på dette området kan derfor vere med på gjere flytrafikken tryggare, går det fram av forslaget til lovendringar.

Forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, omfattar også ein del meir lovtekniske endringar og tilpassingar, i tråd med internasjonalt regelverk innanfor luftfarten.

Til redaksjonen

For nærmare opplysningar – sjå : Ot.prp. nr.28 (2000-2001) "Om lov om endringer i lov av 11. juni 1993 nr. om luftfart"

 

.