Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Uruguay og Tisa-forhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 1431 (2013–2017).

Utanriksministern Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) om Uruguay og Tisa-forhandlingane.

 

Skriftleg spørsmål nr. 1431 (2013–2017).
Datert 14.09.2015

 

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp): 
Eg vil be utanriksministeren gje skriftleg svar på følgande spørsmål:  

Kan statsråden stadfeste at Attac sine opplysningar er korrekte, er det andre land som vurderer å trekkje seg frå forhandlingane, og er han kjend med kva moment det er som ligg i utkastet til TISA-avtale som regjeringa i Uruguay ikkje vil støtte?  

Grunngjeving:

Attac skriv på sine heimesider tysdag 8. september at regjeringskoalisjonen Frente Amplio (FA) førre helg avgjorde å trekkje landet frå forhandlingane kring TISA-avtala. I følgje Attac står det i resolusjonen som blei lagt fram, at innhaldet i TISA-avtala ikkje kan sameinast med det politiske programmet regjeringa har blitt vald på.

Svar frå utanriksministeren: 
Eg kan stadfeste at Uruguay har meldt frå om at dei ikkje lenger ønskjer å delta i TiSA-forhandlingane. Bakgrunnen for dette er ein resolusjon som er vedteken av sentrum-venstre- alliansen Nacional del Frente Amplio.

Resolusjonen viser til ei overordna politisk vurdering og har ingen referansar til spesifikke element i utkastet til TiSA-avtale. Utover dette kjenner eg ikkje til dei konkrete vurderingane Uruguay har gjort.

Når det gjeld andre land, har USA, som for tida har sekretariatsfunksjonen i TiSA, nyleg informert om at Paraguay ikkje lenger vil delta i TISA-forhandlingane.