Historisk arkiv

To journalistar i Klassekampen fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar gjekk i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler prisen på 50.000 kroner.

Bilete av Guri Kulaas og Jens Kihl.
Guri Kulaas og Jens Kihl. Foto: Christopher Olssøn/Klassekampen

Guri Kulås er filmmeldar i Klassekampen og har arbeidd der i 20 år. Jens Kihl er politisk journalist og byrja hausten 2013. Prisen vert overrekt fredag 30. juni, under Dei nynorske festspela i Ørsta. 

Som filmmeldar i Klassekampen gjennom 20 år kombinerer Guri Kulås eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv lett og oppfinnsamt, klart og presist. Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstutrykket, og ho gjer det tilgjengeleg og forståeleg for eit filmfagleg uskulert publikum.

Jens Kihl har inga lang journalistkarriere bak seg. Men dei få åra han har verka som politisk journalist i Klassekampen har han nytta godt. Jens Kihl skriv leikent og underhaldande, har blikk for detaljar, og teft for gode saker. Fleire av sakene hans har sett politisk dagsorden i landet, og har levd vidare i andre media og i Stortinget. 

Begge journalistane har den mangeårige opplagsvinnaren Klassekampen som arbeidsstad. Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

Les meir om tildelinga og juryens grunngjeving for prisen på nettsida til Nynorsk mediesenter