Historisk arkiv

To kandidatar frå Midt-Noreg konkurrerer om nasjonal jordvernpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Å motivere til nyskapande strategiar og tiltak som tek vare på Noreg si matjord, er målet når nasjonal jordvernpris blir delt ut i år. Blant 23 nominerte kandidatar kjem fem frå Midt-Noreg.

– Skal vi ha nok jord til å dyrke mat på i framtida, er det avgjerande at kommunane har nok kunnskap og kompetanse til å leggje gjennomtenkte planar, gjere gode vurderingar og ta dei rette avgjerdene for matjorda vår, seier Dale.  

Gravemaskin på åker ved boligfelt.
Gravemaskin på åker ved boligfelt. Foto: © Oskar Puschmann/NIBIO

Berre tre prosent av Noreg sitt landareal kan nyttast til matproduksjon. Det er difor viktig å ta vare på matjorda. Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa sin nasjonale jordvernstrategi. Prisen skal medverke til å auke merksemda om jordvernet, og få fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. Juryen blir leia av landbruks- og matministeren, og skal vurdere 23 nominerte kandidatar. Av desse kjem fem frå Midt-Noreg.  Dei to nominerte frå Midt-Noreg er:

Nord-Trøndelag fylkeskommune

Nord-Trøndelag fylkeskommune har eit sterkt engasjement for landbruket i fylket, fra føresetnader til utviklingsmoglegheiter. Fylkeskommunen har vedtatt ein regional plan for arealbruk som inkluderer retningsliner for å ta vare på dyrka jord. I tillegg har fylkeskommunen klargjort vesentlege regionale jordvern-interesser.

 Malvik i Sør-Trøndelag

Malvik kommune har i mange år tatt eit sterkt jordvernansvar i sin arealforvaltning, og har ei aktiv jordvernhaldning i lokale og regionale saker. I dei seinare åra har det og blitt oppsving i nydyrkinga i kommunen.