Historisk arkiv

To nye statsstipendiatar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 76/02
Dato: 03.10.2002
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00

To nye statsstipendiatar

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår nytt statsstipend til forfattar og skribent Eystein Eggen og til kulturvernar Else Rønnevig. Kvart stipend er på 276 100 kroner.

- Skribent og forfattar Eystein Eggen har gjennom verksemda si gjort mykje for å kasta lys over den vanskelege stillinga for NS-barna i det norske samfunnet, heiter det i grunngjevinga frå kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Kulturvernar Else Rønnevig har utmerkt seg gjennom ei omfattande og landsdekkjande verksemd innanfor kultur- og bygningsvern, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Denne verksemda spenner frå rådgjeving, utgreiing, prosjektleiing m.m. til artiklar, bøker, kurs og utstillingar.

Til toppen