Tolv millionar kroner til sikring av bygg i Ny-Ålesund

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett tolv millionar kroner til sikring av administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund på Svalbard.

Klimaendringane og rask opptining av permafrosten påfører administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund store skadar. Bygget er i ferd med å skli frå kvarandre. Administrasjons- og servicebygget er den viktigaste felles møteplassen i Ny-Ålesund for dei tilsette og forskarane. Her er kontora og resepsjonen til Kings Bay, kjøkken, kantine og andre fellesareal.

– Forskinga på klima i Ny Ålesund er verdsleiande, og no set klimaendringane seg bokstaveleg talt i veggane på det viktigaste fellesbygget for det internasjonale forskarsamfunnet der. Bygget er viktig for den norske rolla som vertskap som regjeringa no styrkjer i tråd med signala i svalbardmeldinga, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen. 

Regjeringa har i 2017 også løyva 20,5 millionar kroner til eit nytt, felles forskingsbygg i Ny-Ålesund.

– Samla viser dette at regjeringa styrkjer innsatsen for Ny-Ålesund, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.