Vis heile kalenderen

01.03.2017

  • Toppmøte om forsking og høgare utdanning

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Parkveien 45 i Oslo

    Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning.

    Toppmøtet vil blant anna handle om grøn omstilling for nye arbeidsplassar og auka produktivitet i næringslivet. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Pressa kan vere til stades under første del av møtet, fram til om lag kl. 10.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.20. Ta med pressekort og gyldig ID.

    Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 11.40. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.20. Ta med pressekort og gyldig ID.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.