Vis hele kalenderen

01.02.2017

  • Toppmøte om forsking og høgre utdanning

    Torbjørn Røe Isaksen| Kunnskapsdepartementet

    Sted: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgre utdanning. Ho vil ha innspel til korleis satsing på forsking og høgre utdanning kan førebu grunnen for grøn omstilling.

    Kvart år samlar regjeringa nokre av dei viktigaste avgjerdstakarane og klokaste hovuda innan akademia, samfunns- og næringsliv for å få nye innspel til politikken for forsking og høgre utdanning.

    I år er temaet grøn omstilling: Korleis kan satsing på forsking og høgre utdanning førebu grunnen for nye arbeidsplassar og auka produktivitet i næringslivet?

    Det blir høve til å få kommentarar frå statsministeren og kunnskapsministeren kl. 11.45.

    Tid:   Onsdag 1. mars

    Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf. 992 39 083, e-post stch@kd.dep.no.

    Program

    09.15

    Dørene opnar

    09.45

    Statsministeren kjem

    09.50

    Innleiing ved statsministeren

    0953

    Alexandra Bech Gjørv, konsernsjef, SINTEF

    -       Grøn omstilling for produktivitet og arbeidsplassar: Forskingsinstitutta sitt moglegheitsrom for å framskunde omstilling

    10.01

    Sverre Gotaas, innovasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen

    -       Korleis kan forsking på mogleggjerande teknologiar bidra til grøn omstilling?

    10.09

    Bjørn Otto Sverdrup, berekraftsdirektør i Statoil

    -       Kva betyr forsking og høgre utdanning for store konsern sine bidrag til grøn omstilling?

    10.17

    Mari Sundli Tveit, rektor, NMBU

    -       Kva er NMBU sitt bidrag til grøn omstilling, med særleg vekt på høgre utdanning?

    10.25

    Diskusjon rundt borda (lukka)

    11.45

    Statsministeren og kunnskapsministeren er tilgjengelege for pressa

    12.30

    Møtet sluttar