Historisk arkiv

Toppmøte om mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Fredag 30. januar inviterer statsminister Erna Solberg, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og helse- og omsorgsminister Bent Høie til eit møte om mobbing.

Formålet med møtet er å få innspel til korleis vi kan førebygge og handtere mobbing. Fleire som har blitt mobba deltek på møtet, da vi ynskjer å løfte fram røyster til folk som sjølve har blitt utsette for mobbing. Fleire rektorar og lærarar, representantar for elevar, foreldre, barnehagar, fagpersonar og organisasjonar som har mobbing som ein del av sitt ansvar deltek i møtet i tillegg.