Toppmøter om rein energi og teknologiutvikling

Olje- og energiminister Tina Bru og statssekretær Lars Andreas Lunde har denne veka delteke i internasjonale toppmøter om fornybar energi, CCS, innovasjon og teknologiutvikling.

'
Ministrar frå mange land var samla til digitale møte om innovasjon og rein teknologi denne veka. Foto: Mission Innovation Secretariat

Mission Innovation (MI) og Clean Energy Ministerial (CEM) er samarbeid om høvesvis utvikling av klimavenleg teknologi og innovasjon og raskare overgang til rein energi, som støttar opp om det internasjonale klimaarbeidet.

— Raskare teknologiutvikling, innovasjon og bruk av nye, reine energiløysingar er avgjerande for å nå klimamåla med låge kostnadar for miljø og samfunn. Samarbeida i MI og CEM gjev oss og verda betre moglegheiter for å lukkast i den store omstillinga vi er inne i, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Bru og Lunde har i møta denne veka understreka viktigheita av offentleg-private partnarskap og at privat sektor må investere i forsking, innovasjon og marknadsintroduksjon. Også karbonfangst- og lagring blei løfta fram av Noreg, mellom anna gjennom eit eige arrangement i samband med toppmøta.

— Eg meiner samarbeid er nøkkelen til å lukkast med karbonfangst- og lagring globalt og set stor pris på CCS-samarbeidet under Clean Energy Ministerial, seier Bru.

Onsdag blei ein ny femårsperiode for Mission Innovation lansert (MI 2.0). Noreg prioriterer i fyrste runde å vere med i satsinga på utsleppsfri skipsfart og rein hydrogen. USA er vertskap for møta i 2022.

Les meir på nettsidene til den chilenske vertskapen.