Historisk arkiv

Bispevalet i Nidaros:

Tor Singsaas fekk flest stemmer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Prost Tor Singsaas fekk flest stemmer i første runde ved avstemminga om kven som bør bli ny biskop i Nidaros etter Finn Wagle.

Prost Tor Singsaas fekk flest stemmer i første runde ved avstemminga om kven som bør bli ny biskop i Nidaros etter Finn Wagle.  

169 stemte på Tor Singsaas som førstekandidat. Residerande kapellan Berit Lånke kom på andreplass med 55 førstestemmer.  På tredjeplass kom generalsekretær Olav Fykse Tveit med 46 førstestemmer.

Avstemmingsresultatet går no til Kyrkjerådet og landets biskopar. Desse vil få frist til 6. juni med å gje sine råd til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske om kven som bør utnemnast.

I avstemminga som no er avslutta, deltok følgjande fem grupper:

  • Prestar i offentleg kyrkjeleg stilling i Nidaros bispedømme.
  • Prostane i dei andre bispedømma.
  • Dei teologiske professorane ved dei teologiske fakulteta og rektorar ved dei praktisk-teologiske seminara.
  • Sokneråda i Nidaros bispedømme.
  • Vigsla kateketar, diakonar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Nidaros bispedømme.

Biskop Finn Wagle har fått avskil i nåde frå 1. juli i år. Regjeringa vil venteleg utnemne etterfølgjaren hans i juni.  

Vedlegg: Oversikt over stemmefordelinga

Til toppen