Torbjørn Almlid ny styreleiar i Staur gård AS

I generalforsamlinga for Staur gård AS 8. juni 2017, blei Torbjørn Almlid vald til ny styreleiar for Staur gård AS. Selskapet er eigd av Landbruks- og matdepartementet, og skal drifte Staur gard,s om ligg i Stange kommune. Selskapet skal leggje til rette for landbruksrelatert forsking og utvikling, utleige av tenester, offentleg representasjonsverksemd og annan tilgrensande verksemd i samarbeid med andre.

Almlid er utdanna veterinær, med erfaring både frå politikk og samfunnsliv, og han har brei leiar- og styreerfaring frå ulike føretak.

Torbjørn Almlid kan bli kontakta på mob.: 911 79 929.