Historisk arkiv

Frykta for folket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Kor mykje makt skal flyttast til Brussel, og kor mykje makt skal nasjonalstatane få halda på? Når EU-toppane i løpet av oktober blir einige om Reformtraktaten, veit me meir om dette. Det skriv leiar i Ungdom mot EU, Tore Syvert Haga, som er månadens penn.


Våren 2005 stemte eit klart fleirtal i Frankrike og Nederland nei til EU-grunnlova. Det var eit klinkande klart signal frå folket i Europa om at dei var misnøgde med den utviklinga som skjer i EU – i retning meir EU-makt og meir marknadsliberalisme. Blant dei mest omstridde punkta var:

- EU skulle bli juridisk person, og kunne representera medlemsstatane i verdssamfunnet
- Fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft, samt at inflasjonsmålet for den økonomiske politikken skulle låsast fast
- Vetoretten skulle fjernast frå nye saksfelt
- Gjennom den såkalla kompetansefordelinga fekk EU-nivået høve til å fatta bindande vedtak over dei aller fleste politikkområde, med nokre heilt få unntak.
- Symboleffekten ved å kalla det ein Traktat om ein Konstitusjon for Europa .

Etter 2005 var EU i villreie. Skulle dei legga grunnlovsprosjektet på is? Skulle dei skriva ut nye folkerøystingar, og håpa på at folket stemte rett neste gong? Skulle dei lytta meir til folket?

No veit me svaret, med reformtraktaten. Mesteparten av EU-grunnloven blir ståande, men det blir gjort nokre symbolske endringar. Flagget og nasjonalhymna skal ikkje nemnast. I tillegg skal det bli slutt på å kalla ei spade for ei spade, og ein grunnlov for ein grunnlov. Det skal kallast reformtraktat i staden. Open Europe hevdar at 96% av EU-grunnlova lever vidare i Reformtraktaten.

18-19. oktober er det venta at EU sitt toppmøte i Lisboa blir einige om den endelege teksten. Ein del er endå uavklart, men det som er heilt sikkert er at EU held fram med å flytta makt lengre vekk frå folk. Og at folk ikkje jublar over denne utviklinga.

Debatten rasar no i mange EU-land om kor vidt det skal lysast ut folkerøystingar om Reformtraktaten. I Storbritannia møter Gordon Brown krav om folkerøysting. I Danmark får Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten og Dansk Folkeparti støtte frå uventa hald når dei krev folkerøysting om reformtraktaten: Politisk talsperson i det konservative regjeringspartiet, Pia Christmas-Møller vil ha folkerøysting ”Det er et demokratisk problem, og demokratiet er først på gal kurs, når politikerne begynder at blive bange for vælgerne”, seier ho. Det burde vera noko å tenka på, nokre veker før Reformtraktaten blir vedteken.

Men EU-toppane kjem aldri til å forstå den folkelege EU-skepsisen. Dei vil aldri forstå korleis det er å vera nedst i maktpyramida – fordi dei sjølve er på toppen. Dette er for meg noko av kjerne-problemet med EU. Avstanden mellom dei som styrer, og dei som blir styrt over, blir for stor. Fysisk, og psykisk. Aldri før har så få styrt så mykje over så mange, i kvart fall ikkje innanfor Europa.

Dei siste åra har vist at den særnorske EU-debatten slett ikkje er særnorsk. Tvert om, folk over heile Europa er skeptiske til den utviklinga EU er inne i. Eitt nei til EU-grunnlova eller Reformtraktaten er ikkje eitt nei til EU som ide, men det er i kvart fall ikkje eitt rop etter meir EU-makt.
EU sine ambisjonar om meir og meir union strir mot den folkelege motstanden. Spørsmålet er: Kor lenge vil EU-toppane prøva å tvinga gjennom meir makt til EU? Avvisinga av folkerøystingar om Reformtraktaten tydar på at dei ikkje kjem til å gje seg med det fyrste.