Tørken gir problemer for jordbruket

Det unormalt varme vêret med lite eller ingen nedbør har skapt ein svært krevjande situasjon for jordbruket. Det er rapportert om avlingssvikt på ein rekke stader i landet.

– Eg deler bekymringa med næringa og bøndene sitt ønskje om eit vêrskifte og regn, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Tilhøva med avlingssvikt i kornområder og dårleg fyrsteslått mange stader kan få betydelege konsekvensar for matproduksjon og fôrsituasjonen til vinteren. 
– Regjeringa kartlegg no mogelegheitene for å importere fôr og kor raskt ein i så fall bør sette ned tollsatsane seier Dale. 

– Vi vil følgje nøye med på situasjonen og korleis det utvikler seg framover. Det vi treng no er fyrst og fremst regn, men mi oppmoding til bøndene er å søkje informasjon om kva den enkelte bonde kan gjera i den situasjonen dei er oppe i. Landbruksdirektoratet og organisasjonane i jordbruket har gått ut med informasjon knytt til produksjonstilskot og avlingsskadeordningar, og tilrådingar på agronomiske tiltak,  seier landbruks- og matminister Dale.  

Til toppen