Historisk arkiv

Trafikkstasjonar: Regjeringa ønsker fleire forslag om avbøtande tiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Statens vegvesen leverer og skal fortsatt levere tenester til folk der dei er. I samband med at færre brukar trafikkstasjonane fordi det no finst gode digitale løysingar har Statens vegvesen foreslått å redusere talet på trafikkstasjonar. For å kunne oppretthalde eit godt tilbod i heile landet treng vi fleire konkrete forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen gjere ytterlegare vurderingar om avbøtande tiltak i områder der det blir lang reiseveg, før regjeringa tek ei avgjerd.

Statens vegvesen skal no mellom anna vurdere:

  • Auka bruk av ambulerande tilbod for praktisk førarprøve ved lang reiseveg
  • Samordning med andre offentlege styresmakter for avvikling av teoriprøve
  • Samhandling med dagens opplæringssteder for tungbil i vidaregåande skule
  • Alternative løysingar for å oppfylle kravet om avsperra område for praktisk førarprøve for MC

- Tilbakemeldinga på desse vurderingane vil legge grunnlaget for vår avgjerd om korleis vi skal strukturere trafikant- og køyretøyområde i framtida. Vi skal ha kontrollverksemd av køyretøy langs norske vegar. Vi skal ha gode høve for oppkøyring til ulike førarkort. Vi skal sørge for at folk på ein enkel måte får fornya førarkort og andre ting. Da må vi ha eit mest mogleg effektivt og brukarvennleg Statens vegvesen og det jobbar både dei og vi for. Målet er meir veg og infrastruktur for pengane, seier samferdselsministeren.

Grundige vurderingar

I bestillinga til Statens vegvesen er dei òg bedt om å vurdere kostnadane ved slike tiltak opp mot nytten.

Statens vegvesen leverte 20. mai eit forslag til tenestemodell og –struktur på trafikant- og køyretøyområde kor dei foreslårein reduksjon av trafikkstasjonar frå 74 til 52.

- Det er viktig å gjere grundige vurderingar av konsekvensar for innbyggarane før det blir teke avgjerd i saka. Vi ønsker no derfor at Statens vegvesen gjer ytterlegare vurderingar og forslag til avbøtande tiltak som grunnlag for slik avgjerd, seier samferdselsministeren

Tilleggsbestillinga skal leverast til Samferdselsdepartementet innan 1. november 2019.

Les bestillinga frå Samferdselsdepartementet (pdf).

Les forslaget frå Statens vegvesen til ny tenestemodell og -struktur på trafikant- og køyretøyområdet.