Historisk arkiv

Trafikktryggleik: Samferdselsdepartementet lyser ut tilskot til lokale tiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er stort engasjement for tryggare vegtrafikk i mange lokalsamfunn. Vi støttar gode initiativ gjennom tilskot til lokale tiltak for trafikktryggleik, og har i år sett av 4 millionar kroner til ordninga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementets ordning med tilskot til lokale tiltak for auka trafikktryggleik kom i fjor. Kommunar, frivillige organisasjonar og andre lokale aktørar kan søkje om støtte.

Mellom tiltak som kan få tilskot er ulike kampanjar og informasjonstiltak retta mot trafikantane, og tiltak på vegnettet.

Samferdselsdepartementet handsamar søknader heile året, men siste frist for å søkje er 15. oktober 2014.

I fjor fekk departementet inn 17 søknader. 12 av desse fekk ja til støtte.

Les meir om ordninga