Avgjerd om trasé for E39 Heiane - Ådland/Nordre Tveita i Stord

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag vedteke at framtidig trasé for E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita i Stord kommune skal følgje alternativ 4. Dette alternativet inneber kort tunnel under Landåsen, og at vegen går i nær rett linje mellom Ådland og Heiane.

– Eg har lege vekt på at dette er alternativet som samferdselsstyresmaktene meiner er best, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Vedtaket er i tråd med Statens vegvesen sitt forslag til løysing. Fylkesmannen i Hordaland hadde motsegn til dette alternativet, og til alternativ 5 med lang tunnel, som var det som kommunen vedtok. Også Statens vegvesen hadde motsegn til alternativ 5.

 – Det er lege opp til gode avbøtande tiltak av omsyn til blant anna naturmiljø og friluftsliv som vil verte påverka av vegen. Dei konkrete løysingane for dette blir avklart nærmare i framtidig reguleringsplanlegging, seier Jan Tore Sanner.

 

 Brev - Stord kommune - Kommunedelplan E 39 Heiane - ÅdlandNordre.pdf

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00