Historisk arkiv

Tre Michelin-stjerner til Maaemo i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Restauranten Maaemo i Oslo er i dag tildelt tre stjerner i Michelin-guiden og er den fyrste nordiske restauranten som får utmerkinga. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerar.

Det er i dag for fyrste gong blitt tildelt tre Michelin-stjerner til nordiske restaurantar. Restaurantane Maaemo i Oslo og Geranium i København er dei fyrste som blir heidra med denne utmerkinga. Maaemo fekk to stjerner i 2012, og no har restauranten fått maksimalt antal stjerner. Restauranten er dermed blant om lag 100 restaurantar i verda med tre stjerner i restaurantguiden. 

– Eg vil gratulere Maaemo med plasseringa i Michelin sin restaurantguide. Dette viser at norske kokkar er i verdsklassa, ikkje minst takka unik bruk av norske råvarar og matspesialitetar av høg kvalitet. Eg er stolt over kva våre norske stjernerestaurantar får til, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Dei norske restaurantane Kontrast i Oslo og Re-Naa i Stavanger er i dag tildelt ei stjerne kvar. Re-Naa er den fyrste restauranten utanfor Oslo som har fått ei stjerne. Fauna og Stadtholdergaarden i Oslo beheld kvar si stjerne frå tidlegare kåring.