Historisk arkiv

Tre millionar kroner til etablering av ny prøvesal hos Teater Ibsen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Teater Ibsen flytta inn i nye lokale i Skien i 2010, og har sidan den gong mangla prøvesal. Teateret har berre éin sal med eit amfi på 162 sitteplassar til både prøver og framsyningar. No får teateret støtte frå Kulturdepartementet som skal bidra til å etablere ny prøvesal.

- Teater Ibsen har ikkje late mangelen på fullverdige lokale stoppe den kunstnariske utviklinga og drifta. Teateret har hatt ei fullgod drift i alle desse åra, og har teke i bruk heile huset i den kunstnariske verksemda. Med ei ekstra scene vil teateret få eit endå større handlingsrom, betre arbeidsvilkår og ei meir effektiv drift, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Teateret har lenge jobba for å få på plass eit godt og realiserbart skisseprosjekt for bygging. Skisseprosjektet er snart ferdig, og når teateret no får finansiering, vil det vere mogleg å starte bygginga til våren og å bli ferdig allereie hausten 2021.

Teater Ibsen, regionteater for Vestfold og Telemark, måtte i 2010 flytte til nye, provisoriske lokale på Klosterøya i Skien. Lokala blei bygde om for å bli permanente i 2015, men innanfor den vedtekne kostnadsramma på det tidspunktet, var det ikkje rom for å byggje ein prøvesal/ei scene 2. I alle desse åra har derfor Teater Ibsen stått utan prøvesal.